Now hiring

Fagarbeidar i skule og SFO i 70 % fast stilling ved Flekke skule @ FLEKKE SKULE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og inkluderande kvardag for elevane våre? Flekke skule har ledig ei 70 % fast stilling som fagarbeidar i skule og SFO, med tilsetjing etter avtale. Vi søkjer etter ein engasjert fagarbeidar som trivst saman med barn, er ein tydeleg og trygg vaksen og ønskjer å bidra til eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Om arbeidsplassen Skulen og barnehagen er samlokaliserte og har eit godt samarbeid. Vi har eit roleg og oversiktleg miljø der alle elevane vert godt kjende av dei vaksne. Nærmiljøet vert nytta aktivt, og vi er mykje ute gjennom heile året. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer, der trivsel, samarbeid og utvikling står i sentrum. Arbeidsoppgåver Bidra til eit trygt og godt lærings- og oppvekstmiljø for elevane. Følgje opp og støtte elevar i skuledagen i samarbeid med lærarane. Vere ein trygg og tydeleg vaksen i SFO. Planleggje og gjennomføre leik og aktivitetar i SFO. Bidra til gode relasjonar mellom elevar, føresette og tilsette. Delta aktivt i utviklinga av skulen og SFO. Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Er omsorgsfull, trygg og tålmodig i møte med barn. Har gode samarbeidsevner og byggjer gode relasjonar. Er fleksibel, løysingsorientert og sjølvstendig. Tek initiativ og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Trivst med ein aktiv og variert kvardag saman med barn. Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer. Introduksjon og oppfølging ved oppstart. Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Løn etter gjeldande tariffavtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunen arbeider aktivt for god kjønnsbalanse i arbeidsmiljøet. Menn vert oppmoda om å søkje. Vi gjer merksam på at søkjarlista som hovudregel er offentleg. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegsøkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Dersom ønsket ikkje vert teke til følgje, vil du få høve til åtrekkje søknaden før søkjarlista vert offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar og dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. I skulebygget ligg også Flekke barnehage. Skulen ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores