About this role
Helse Førde har ledig 40 % vikariat som klinisk ernæringsfysiolog (KEF) i perioden 07.09.2026 til 27.08.2028. Vikariatet er knytt til fråvær som følgje av frikjøp av medarbeidar. Kliniske ernæringsfysiologar i Helse Førde er organisatorisk plasserte ved Medisinsk poliklinikk. Poliklinikken greier ut og behandlar pasientar innan kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Arbeidsområdet omfattar alle klinikkane i Helse Førde, inkludert medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk klinikk. Som tilsett blir du ein del av eit fagmiljø med tre kliniske ernæringsfysiologar. Arbeidsoppgåver Ernæringsbehandling og rettleiing av enkeltpasientar og pårørande i poliklinikken Ernæringsbehandling og rettleiing av pasientar innlagt i Helse Førde Tverrfagleg samhandling i høve ernæringsarbeid ved dei kliniske postane Undervisning og rettleiing av KEF-studentar og helsepersonell Undervisning og rettleiing av pasientar med livsstilsrelatert- og annan sjukdom i grupper i samhandling med Lærings-og meistringssenteret Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Trivst med rettleiing og undervisning, individuelt og i grupper Er eigna til å drive og administrere tverrfagleg aktivitet Evnar å halde seg fagleg oppdatert Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik Vi tilbyr Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver Godt arbeidsmiljø Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLine Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5172467023 Stillingsprosent: 40% Vikariat Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 27.08.2028 Søknadsfrist: 04.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.