Now hiring

Off. godkjent helsefagarbeidar- 50 % stilling på natt @ Ørsta kommune

ØrstaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig 50 % helsefagarbeidarstilling på natt ved heimetenester Bakk-Ola-marka frå 01.10.26.Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. Det har vore jobba med å styrke samhandlinga på natt på heile bygget for å nytte ressurs til best for brukar og teneste. I tillegg tett samarbeid med ambulerande heimeteneste. I bufellesskapet på BakkOla-marka møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. I dag gir vi teneste til 33 brukarar men tale kan variere etter kven som får tilbod om bustad på BakkOla-marka. Vi har fokus på å styrkje brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga natt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.Vi er ei teneste i utvikling som kontinuerleg tilpassar oss framtida sine behov for å sikre gode og berekraftige helsetenester. Årsplanlegging og oppgåvedeling skal sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida.Anna relevant utdanning eller er i utdanningsforløp kan bli vurdert.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores