About this role
Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning? Har du tru på at alle har noko å bidra med i arbeidslivet? Trivst du med å skape relasjonar og samarbeide med arbeidsgjevarar i ulike bransjar? Då kan dette vere stillinga for deg.Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS-team i Nav Sunnfjord og Ytre Sogn i fast stilling.Som IPS-jobbspesialist jobbar du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom kandidaten, Nav, helsetenesta, skule føresatte og arbeidsgjevarane.Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til jobb ikkje er rett fram. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet.Kontorplassen din er på eit teamkontor saman med gode kollegaer ved psykisk helsevern for barn og unge, Førde BUP, på Førde sentralsjukehus, men den viktigaste arbeidsplassen finn du ofte ute blant folk. Meir enn 60 prosent av arbeidstida di blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegner av kandidatane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får bruke ressursane sine i arbeidslivet eller skule, håpar vi du søkjer stillinga.