Now hiring

Byggeleiar – bruprosjekt @ Møre og Romsdal fylkeskommune

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer inntil to byggeleiarar til fleire spennande bruprosjekt i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har ei omfattande bruportefølje, med fleire vedlikehalds- og utbyggingsprosjekt dei kommande åra. Planlagde oppstartar inkluderer mellom anna Åndalsnesbrua, Grøttabrua, Strandgatebrua og Rundebrua. I tillegg har vi ei rekkje prosjekt i planleggingsfasen.Prosjektorganisasjonen er i vekst, og vi styrkjer no bemanninga med byggeleiarar innan bru. Du vil inngå i eit fagleg sterkt bruteam saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande. Stillinga rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar har ansvar på porteføljenivå, medan byggeleiar følgjer opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og gjennomføringsfasen. Du kan velje kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Stillinga inneber ein del reiseverksemd i fylket. Fylkesvegavdelinga har eit stort og samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet. Vegprosjektseksjonen har om lag 50 tilsette med kompetanse innan prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Dette omfattar mellom anna byggherreorganisasjonar for veginvesteringar, Bypakke Ålesund, Remøybrua, tunneloppgraderingar, samt ei rekkje bru- og ferjekaiprosjekt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores