Now hiring

Avdelingsleiar - 100% fast stilling @ Sykkylven kommune

IkornnesOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Sørestyranda skule/SFO. Tiltreding etter avtale.Sørestranda skule har for tida om lag 80 elevar, og 38 born nyttar SFO. Vi søkjer ein trygg, strukturert og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, trygt og godt skule- og SFO-miljø.Dette er ei variert avdelingsleiarstilling med ansvar for å skape god samanheng mellom skuledagen og SFO. Du arbeider tett på elevane i skuletida og har ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO. Stillinga kombinerer pedagogisk arbeid, koordinering av medarbeidarar og administrative oppgåver.Arbeidsoppgåvene er for tida fordelte med om lag 60 % arbeid i skulen og 40 % arbeid knytt til SFO. Du er avdelingsleiar i heile stillinga. Stillinga følgjer ordinær arbeidstid, og du må vere tilstades både i skuletida og SFO-tida. Du samarbeider tett med rektor, som er din næraste leiar. Rektor har personalansvaret for dei tilsette.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores