About this role
Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske i Sykkylven?Er du ein trygg og inspirerande leiar som motiverer menneska rundt deg? Då kan dette vere stillinga for deg!Vi søkjer ein engasjert avdelingsleiar for Psykisk helse og rus med oppstart frå 01.12.2026.Psykisk helse og rus er ei tverrfagleg teneste som tilbyr oppfølging og behandling til personar med utfordringar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Teamet vårt består av høgt kvalifiserte fagpersonar med ulik bakgrunn, mellom anna psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionom.Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og vidareutvikle eit kompetent fagmiljø med fem tilsette. Du vil spele ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, utvikling og gode tenester til innbyggjarane våre. Stillinga kombinerer leiing med noko pasientretta arbeid.Avdelinga for Psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven kommune, som held til i det nye Helsehuset midt i sentrum. Eininga omfattar også legetenesta, heimebasert omsorg og avdeling for førebygging og meistring, noko som gir gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid.Vil du vere med og forme framtidas psykisk helse- og rustenester i Sykkylven?Vi ser fram til å høyre frå deg!