Now hiring

Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt @ Ørsta kommune

ØrstaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere ein del av natt-team i heimetenesta?Heimetenesta i sentrum har for perioden d.d- 30.11.2027 ledig 75 % vikarstilling på natt for off. godkjent sjukepleiar. Vi søkjer ein dyktig og engasjert sjukepleiar til nattstilling i heimetenesta. På natt arbeider du i eit team som består av to sjukepleiarar ilag med helsefagarbeidarar kvar natt. Tenesta er ambulerande og yter helsetenester til brukarar både i og utanfor sentrum.Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet.I heimetenesta møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å styrkje brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga natt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.Vi er ei teneste i utvikling som kontinuerleg tilpassar oss framtida sine behov for å sikre gode og berekraftige helsetenester. Årsplanlegging og oppgåvedeling skal sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores