Now hiring

Sjukepleiar 100 % fast @ BJØRNAFJORDEN KOMMUNE HEIMETENESTER OS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar ved Ressursbemanningsavdelinga. Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Arbeidsstad Heimetenester Os - Ressursbemanningsavdelinga Arbeidsoppgåver Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare Delta i utarbeiding av gode system og rutinar Dokumentera helsehjelp i Profil Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale. Den som vert tilsett må vere fleksibel til å jobbe på ulike avdelingar ved behov. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Førarkort kl. B. Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.) Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør Evne til å møte andre på ein respektfull måte - brukaren sin heim er vår arbeidsplass Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores