Now hiring

Fagansvarleg rekneskap og løn @ SVEIO KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Vil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune? Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar. Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef. Kvifor arbeide hos oss? Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel om du har: erfaring med kommunerekneskap erfaring med Visma Enterprise Plus erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering Arbeidsoppgåver Du får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar Om arbeidsgiveren: Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores