Now hiring

Trafikkleiar @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert trafikkleiar til vårt kontor i Stryn. Kjenner du at du trivst ekstra godt når dagen byr på litt fart og utfordringar? Då kan du passe perfekt som vår nye trafikkleiar. Som trafikkleiar vil du bli ein del av eit team, som har ansvar for dagleg drift i Nordfjord. Du vil vere ein viktig kontaktperson for sjåførar og kundar, og sikre effektiv drift og god service. Rolla kan tilpassast litt kvalifikasjonane til den som søker. Arbeidsoppgåver: • Koordinering mellom sjåførar, kundar og oppdragsgjevar • Disponering av personell og køyretøy og oppfølging av køyreplanar • Administrative oppgåver som naturleg høyrer til stillinga Vi ser etter deg som: • Er serviceinnstilt og løysingsorientert • Har god digital kompetanse og erfaring med administrative system (t.d. IVU, Visma, Office, andre logistikksystem) • Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team • Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg • Har relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon, men dette er ikkje eit krav Arbeidsstad: Hegrevegen, Stryn Om arbeidsgiveren: Firda Billag Buss AS køyrer dei lokale rutene i Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg har vi eiga turbuss-avdeling og samarbeider med andre busselskap om ekspressbussruter. Vi er opptatt av å levere tenester av høg kvalitet, og har fokus på at våre passasjerar får ei trygg og god reiseoppleving. Vil du vere med å bidra?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores