About this role
Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i medisinsk seksjon, 80% poliklinikk og 20% sengepost. Har du lyst til å bli ein del av vårt skopi-team og er nysgjerrig på det indremedisinske fagområdet? Då kan dette vere stillinga for deg. Arbeidet i poliklinikken består av å førebu og støtte pasientar før og under undersøking. Du får assistere legespesialistar, i tillegg til tekniske oppgåver knytt til avansert medisinsk utstyr. Turnus i poliklinikken utgjer 80% av turnus der arbeidstid er mellom kl 08 og 15:30. I tillegg til dagarbeid i poliklinikken er du del av vår bemanning i sengeposten. Dette byr på ein varrieret kvardag med 35,5 timers arbeidsveke og jobb kvar 3. helg. Som sjukepleiar i sengepost vil du bli del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Vi tilbyr ein spennande kombinasjonsstilling der du får utvikle deg fagleg og bidra i eit kompetent og engasjert miljø. Vi ynskjer DEG med på laget! Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost.