Now hiring

Off. godkjent sjukepleiar- Hjørundfjordheimen @ Ørsta kommune

SæbøOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 80 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar ved Hjørundfjordheimen.Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har18 plassar. Ved eininga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg. Avdelinga jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid. Som medarbeidar ved Hjørundfjordheimen vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs.Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores