About this role
Blir du motivert av å jobbe med unge menneske? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å gjere ein skilnad i eit særs viktig samfunnsområde og har du erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning? Då er dette ein jobb for deg. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team der jobbspesialistar, behandlarar og Nav jobbar tett saman rundt den unge for å skape heilskaplege og berekraftige løysingar. IPS-ung er Individuell jobbstøtte (IPS) med større innsats både mot utdanning og arbeid for unge. Det er ein metode for å følge opp unge personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ønsker utdanning eller arbeid, og som har behov for koordinerte tenester inkludert behandling samstundes med hjelp av ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få og stå i ordinær utdanning eller løna arbeid. Nav IPS Bergen veks og søker no etter ein jobbspesialist som skal jobbe etter IPS-metodikk med innsats overfor unge mellom 16 og 18 år i BUP Betanien. Stillinga vil inngå Team Betanien, knytt til Betanien DPS. Du blir formelt tilsett ved Nav Bergen sentrum, men får kontorplass på BUP Betanien. I praksis vil du bruke mykje tid ute i lokalmiljøet. Vil du bli med på å utvide IPS satsing mot barn og unge i Bergen? Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø med stor fagleg bredde, tett samarbeid og stort utviklingsfokus. Vi ber deg seie noko i søknaden din om kva som motiverer deg for stillinga, og kunnskapen din om IPS må og framkomme i søknad eller CV.