About this role
Venter du på LIS1? Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med barn, ungdom og familiar? Kva med ei stilling som "LIS0" ved BUP Haugesund? 🌻Hos oss får du ein unik moglegheit til å bli kjend med faget før vidare spesialisering. Du får verdifull klinisk erfaring som kjem godt med, uavhengig av kva spesialitet du vel etter LIS1. Samtidig får du innsikt i eit spennande fagfelt der relasjonar, utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP📞 Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e-post. 👉 Søk no – vi ser fram til å høyre frå deg!