Now hiring

Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Ullensvang sokn som tenestestad @ Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

UllensvangOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere prest mellom fjord, fjell og frukthagar? Ullensvang sokn søkjer ein engasjert og relasjonsbyggjande sokneprest som ønskjer å vere ein synleg del av lokalsamfunnet og utvikle ei levande folkekyrkje.Her får du teneste i eit av dei vakraste kulturlandskapa i Noreg. Med Hardangerfjorden, fruktbløming, høge fjell og sterke kulturtradisjonar som ramme får du høve til å vere prest i ei bygd der kyrkja har ein naturleg plass i livet til mange menneske.Ei levande kyrkjeUllensvang sokn er ein del av Ullensvang kyrkjelege fellesråd, med åtte sokn og ein kompetent og engasjert stab. Vi legg vekt på samarbeid, openheit og eit godt arbeidsmiljø, og har verdiane tryggleik, tillit og tolmod som grunnlag for arbeidet vårt.Ullensvang kyrkje er ei vakker mellomalderkyrkje med lange tradisjonar og eit rikt gudstenesteliv. Soknet har eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, gode frivillige medarbeidarar og ønskjer å utvikle kyrkjelyden vidare i samarbeid med soknepresten. Soknepresten har tilgang til kontor i det gamle heradshuset i Kinsarvik i lag med sekretær, kyrkjelydspedagog og soknepresten i Kinsarvik. Det er tilsett diakon i fellesrådet.Om ønskjeleg kan presten leige prestegarden. Den nyrenoverte og verna prestegarden ligg like ved Ullensvang kyrkje med utsikt over Hardangerfjorden. Bustaden har god plass både til familie og gjester og ein stor hage – eit heilt spesielt heimstadstilbod.I Hardanger og Voss prosti er det 15 prestar. Prosten leier prestetenesta og kallar jamleg inn til konvent for åndeleg fellesskap, sosialt samvære og fagleg fordjuping. Ofte står prestane sjølve for faglege innspel til drøfting mellom kollegar.Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores