About this role
Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen. Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen.I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar.I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden.Hos oss får du arbeide både sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Framfor alt får du høve til å gjere ein reell forskjell – for enkeltmenneske, arbeidsgivarar og samfunnet.