Now hiring

Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Vaksdal sokn og Stamnes og Eidsland sokn som tenestestad @ Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

VaksdalOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye sokneprest?Du er velkomen til vakre Vaksdal kommune med Stamnes og Eidsland sokn og Vaksdal sokn som tenestestad. Som sokneprest vil du samarbeida tett med den andre soknepresten i kommunen om kyrkjelege tenester. Våre sokn ønskjer å vere kyrkjer der alle kan finne sin plass, der det er rom for både tru, håp og undring. I våre kyrkjer skal heile bygdefolket kjenne seg heime. Vi ønskjer å løfte blikket og sjå framover, for vi ønskjer å nå våre unge og våre familiar med bodskap om fellesskap, glede, frimod og fred. Vi vil inspirere til engasjement og arbeid for andre, vi vil utfordre, sleppe til og utruste frivillige, både unge og gamle, til å bidra i og utvikle det kristne livet i soknet. Vi søkjer ein sokneprest som vil vere med oss på dette. Vaksdal er ein langstrakt kommune som ligg midt mellom Voss og Bergen, med kort veg til kulturelle attraksjonar og friluftsliv. Vi har både flott natur og eit mangfald av lag og organisasjonar, variert musikkmiljø, store bedrifter, gode skular og oppvekstsenter. Sjekk gjerne www.vaksdal.kommune.no Sokneprestane samarbeider tett med dei andre tilsette i fellesrådet. Stillingane er fordelt pår to sokneprestar (180%) (20 % av den andre prestetenesta er knytt til Evanger og Bolstad sokn), ei kyrkjeverje (100%), to organistar (100% og 50%), kyrkjelydskretær (40%), kyrkjelydspedagog (50%), kyrkjetenar /vaktmeistar i 50%. Staben har sine kontor på Dale.Det er i alt 105 gudstenester i året. Du vil ha koordinerande avnsvar for den samla konfirmantførebuing i kommunen. I 2026 er det 34 konfirmantar. Prestane held andaktar på to institusjonar i kommunen.Vaksdal sokn har ei vakker steinkyrkje med godt tenlege tilhøyrande rom der sokneråd og andre arrangerer konsertar og ulike sosiale, faglege og kulturelle samlingar. Kyrkja har gode instrument, god akustikk. Stamnes har vore kyrkjestad heilt frå 1300-talet. Eidsland kapell ligg på Eidslandet, og i bygda Stamnes ligg Stamnes kyrkje, som er hovudkyrkja i soknet, og den eldste av dei sju kyrkjene i kommunen. Begge sokna har aktive og engasjerte sokneråd, eit godt samarbeid med dei lokale bedehusa og er ein positiv faktor i bygdene. Som faste aktivitetar i kyrkjelydane, kan me nemne barnekor og baby-song og andre trusopplæringstiltak utført i godt samarbeid med organist og kyrkjelydspedagog. Det er også barneforeining, søndagskule, strikkekafé og måndagskaffi, konsertar og andre kulturarrangement. Alle med godt oppmøte. I Hardanger og Voss prosti er det 15 prestar. Prosten leier prestetenesta og kallar jamleg inn til konvent for åndeleg fellesskap, sosialt samvære og fagleg fordjuping. Ofte står prestane sjølve for faglege innspel til drøfting mellom kollegar.Målforma er nynorsk.Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores