About this role
Då har vi ein plass til deg på verdas beste avdeling!Du trivst når det skjer litt rundt deg – og er ein trygg sjukepleiar som vil vere med oss i det vi meiner er ein av dei mest spanande og lærerike postane på sjukehuset vårt.Her jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge- og gastrolidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer.Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørgjer for god opplæring og støtte frå dag éin.Turnusen? Den finn vi ut av saman. Vi har fleire løysingar:Langvakter opptil 12,5 time – med høgare tillegg og lengre friperiodar.Tredelt turnus med 16 helger per år.Langhelgturnus med høgare helgetillegg (47%).Tilgjengelege turnusordningar kan variere ut frå bemanningsbehov og driftsmessige forhold. 📩 Snakk med Gloria – så finn de noko som passar for deg. Eller berre søk med ein gong!Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule.🔗Les meir om Stord kommune