About this role
Sykkylven kommune søkjer ein engasjert fysioterapeut til 100 % fast stilling i avdelinga Førebygging og meistring!Vi tilbyr ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og innovasjon.Stillinga inngår for tida i eit tverrfagleg team som består av blandt anna fysioterapeutar, ergoterapeutar, hjelpemiddelansvarleg, m.fl. Teamet samarbeider tett med tenestekontoret og andre relevante fagmiljø i kommunen.Vi har stort fokus på førebyggande arbeid, samt arbeid med rehabilitering av vaksne i eigen heim og i institusjon. Eit av våre mål er blant anna å bidra til at fleire kan bo trygt heime lengst mogleg.Som fysioterapeut i Sykkylven kommune vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil også få høve til å vere med å videreutvukle tenestetilbodet i kommunen.Kan dette vere noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!