Now hiring

Sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad @ Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Vik i SognOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Det er ledig stilling i som sokneprest i Vik. Vi søkjer ein prest som kan vere ein aktiv medspelar i å utvikle levande kyrkjelydar i bygdene i Vik.Sokna Vik, Vangsnes, Feios, Fresvik og Arnafjord i Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har omlag 2550 innbyggjarar. Vik er ein aktiv jordbrukskommune med eit sterkt og allsidig næringsliv i alle bygdene. Vik er også ein reiselivs- og kulturkommune. Idrettslaga her driv godt, særleg innan skiskyting, fotball og friidrett. Kommunen har store og lett tilgjengelege fjellområde og fleire turistforeiningshytter, og er ein storslagen og spennande plass for den friluftsinteresserte. Det er om lag 1 time og 15 minutt reisetid både til Voss og til regionsenteret Sogndal.I kommunen er det sju kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Det er i dag fem kyrkjesokn i kommunen, og ein prosess med sikte på tettare samarbeid mellom sokneråda er starta opp. Det er gudsteneste i hovudsoknet Vik annakvar søndag, i dei andre sokna er det gudsteneste om lag sjette kvar veke.I Vik sentrum er det Kyrkjestove med bra aktivitet. Her er mellom anna småbarnstreff og kvardagsskule i kyrkjelydsregi. Det er til vanleg 15 – 25 konfirmantar i året. Å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare med større grad av frivillig innsats er eit viktig satsingsområde i sokna.Staben satsar mykje på samarbeid, og har sine kontorplassar er på Kommunehuset i Vik. Der er sokneprest og kyrkjeverje er i fulle stillingar. I staben er også kyrkjemusikar, kyrkjelydsarbeidar og kyrkjetenarar i ulike stillingsstorleikar. I Vik er det også fengselsprest som i halv stilling gjer teneste i Vik fengsel,Den romslege prestebustaden i Vik sentrum vert stilt til disposisjon for presten. Bustaden er i god stand og ligg sentralt i bygda med gangavstand til kyrkje, skule, idrettsanlegg og butikkar.Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores