About this role
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus. For stillinga er det krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.Eit viktig samfunnsoppdragVårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.