Now hiring

Sokneprest og prostiprest i Vesthordland prosti, Herdla sokn @ Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

HerdlaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig stilling som sokneprest i Herdla sokn og prostiprest i Vesthordland med primærteneste på Askøy. Askøy er ein kommune i vekst, med over 30 000 innbyggjarar. Frå kommunesenteret Kleppestø er det ca.15 km til Bergen sentrum. Askøy har fem sokn med kvar si kyrkje. I 2025 var det 21 877 medlemmar i Den norske kyrkje på Askøy, fordelt på sokna Herdla (1 988), Ask (1 521), Erdal (3 925), Tveit (4 835), og Strusshamn (9 608). Kyrkjelydane på Askøy vert betjent av fire sokneprestar, ein prostiprest og ein fellesrådstilsett ungdomsprest. Herdla sokn ligg lengst nord på Askøy, og har ei lang og tradisjonsrik historie. Her har det vore kyrkje sidan 1100-tallet. Kyrkja vart sist oppbygd etter skadane ho fekk under 2. verdskrig. I seinare tid har kyrkja blitt ombygd med kyrkjelydssal, kjøkken og toalettfasilitetar, og er no ei brukarvenleg kyrkje for arbeidet i kyrkjelyden. Det er eit tett samarbeid med Herdla fort og Herdla museum, og årleg feirast mellom anna skaparverkets dag på Herdla fort. I Herdla feirast det gudsteneste kvar tredje søndag.Soknerådet ynskjer å gå inn i ein strategisk prosess med utvikling av kyrkjelydsarbeidet.Kyrkjelyden har frivillige team som gjer teneste i gudstenestene og har ansvar for kyrkjekaffi.Årleg har Herdla 25-30 konfirmantar. Konfirmantarbeidet er organisert med felles opplegg for kyrkjene på Askøy for leirer og valfrie aktivitetar, òg med konfirmantsamlingar i kvar enkelt kyrkje. Det er òg eit felles ungdomsarbeid på Askøy, Alive, med mellom anna månadlege ungdomsgudstenester. Kyrkjelydane på Askøy betenes av fire sokneprestar som leier prestetenesta i sitt sokn. Prestane har heile fellesrådsområdet om ansvarsområde når det gjeld gravferder og vigsler. Tenesteveker vert fordelt prestane imellom. Tenesta i denne stillinga vert fordelt med om lag 50% teneste som sokneprest og 50% teneste som prostiprest. Som sokneprest/prostiprest vert ein del av ein stor og kompetent stab i kyrkja på Askøy. Askøy kirkelige fellesråd utgjer 21 årsverk fordelt på om lag 28 tilsette (inkludert gravplassforvaltninga). Kyrkjekontoret er plassert i Strusshamn kirke. Meir informasjon om kyrkja på Askøy finn du på: www.kirken-askoy.noHerdla sokn høyrer til Vesthordland prosti. Prostiet dekker kommunane Askøy og Øygarden, og har til saman ti sokn og 13 kyrkjer. I prostiet er det ni sokneprestar og tre prostiprestar i tillegg til prosten. Prosten leier prestetenesta i prostiet, og kallar jamnleg inn til samlingar for åndeleg fellesskap, fagleg utvikling, orientering og drøfting. Skriftspråket i Herdla er nynorsk, og dei andre sokna på Askøy nyttar bokmål.Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores