About this role
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar. Rus- og Avhengighetsklinikken har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er organisert i 5 geografiske seksjonar, samt ei seksjon med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.Vi har ledig følgande stillingar: * LAR Laksevåg har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar som behandlar med tiltreding 1. november. Arbeidstida i LAR er dagarbeid og kvar 4. eller 8. laurdag. For å oppretthalde samansetjinga i personalgruppa blir menn oppmoda om å søke.