Now hiring

Lærarstillingar @ Bergen kommune

GarnesOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På Garnes skule er det så høg trivsel at to av lærarane våre skal ut i foreldrepermisjon! Vi treng derfor nye kollegaer frå oktober og ut skuleåret. Ei stilling er 100 % kontaktlærar på 4. trinn. Den andre stillinga er 60 % lærar på 4., 5. og 7. trinn. Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med 300 elevar skuleåret 2026/27. Det er 40 tilsette på skulen. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Du finn oss 15 minutt med tog og buss frå Bergen sentrum, eller 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal oppleve trivsel og læring. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik. Hovudsatsinga til skulen er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med fellesskapande opplæring for elevar med stort læringspotensial og trua på at alle elevar gjer så godt dei kan og korleis vi vaksne kan hjelpe dei for å ha det godt med seg sjølv og andre. Dei neste to skuleåra skal vi samarbeide med Universitetet i Bergen i eit partnarskap for å fremje inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.Garnes skule har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der over 90% av elevane har bokmål som sitt hovudmål.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores