Now hiring

Ass. nettredaktør - udi.no (vikariat) @ UDI

OsloOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Assisterande nettredaktør – udi.no (vikariat)Vil du vere med og forme ein av dei største offentlege nettstadene i Noreg?UDI jobbar med spørsmål som rører ved mange menneske – og som ofte står høgt på dagsordenen. For mange er nettstaden vår, UDI.no, det første og viktigaste møtet med oss. Her skal menneske med svært ulike føresetnader finne svar på spørsmål som kan ha stor betydning for livet deira. Det stiller høge krav til innhaldet vårt: Det skal være riktig, forståeleg og enkelt å finne. Samtidig må vi vere raske når verda, regelverket eller behova til brukarane endrar seg. Derfor er arbeidet med UDI.no både krevjande, variert og meiningsfylt. UDI.no er ein av dei mest besøkte offentlege nettstadene i Noreg, med over 8 millionar unike brukarar og 40 millionar sidevisningar i året. Hos oss får du ei viktig rolle i å sikre at innhaldet er korrekt, tilgjengeleg og tilpassa ulike målgrupper. Du får jobbe på eit felt med stor politisk interesse og høgt informasjonstrykk. Som assisterande nettredaktør blir du ein del av nettredaksjonen, som har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av udi.no. UDI.no er tett knytt opp mot andre nettløysingar, og du vil samarbeide med kollegaer som har ansvar for desse løysingane. Du vil også ha eit tett samarbeid med fagavdelingane våre og kontaktsenteret til UDI. Vi søkjer etter deg som trivst med raske skifte, komplekse problemstillingar og samarbeid på tvers av fagmiljø. Vi har høy fagleg kompetanse, stort engasjement og er stolte av jobben vi gjer! Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, og det er viktig for oss at du er ein lagspelar som støtter kollegaer når det trengst. UDI er også midt i eit av dei største digitaliseringsprosjekta i offentleg sektor i Noreg. Med ei ekstraløyving på over 2,3 milliardar kroner moderniserer og utviklar vi saman med UD, Politiet og UNE heile utlendingsforvaltninga (les meir på modulf.no).Stillinga er eit vikariat med varigheit til 30.08.2027.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores