Now hiring

Internatleiar @ Agder fylkeskommune

HornnesOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kan du tenke deg å jobbe med ungdom? Setesdal vidaregåande skule søkjer ein engasjert og trygg internatleiar til elevheimen vår på avdeling Hornnes. Som internatleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å skape eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane. Vi søkjer deg som trivst med ansvar, er trygg i møte med ungdom og likar å arbeide sjølvstendig. Som internatleiar får du stor fridom til å organisere og planleggje arbeidet ditt, samtidig som du blir ein sentral del av skulen sitt elevmiljø.Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hovden, Valle og Hornnes. Visjonen vår er: «Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald.». Skulen har både studiespesialisarende og yrkesfagleg utdanningstilbod. På yrkesfag blir det undervist i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og gull- og sølvsmedhandtverk. På Hovden har vi landslinjetilbod i skiidrettar som er eit tilbod i tett samarbeid med Hovden skigymnas(HSG). Setesdal vidaregåande skule har ansvar for undervisning i Agder fengsel avd Evje. Stillinga som internatleiar er tilknytta elevheimen ved skulen si avdeling på Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores