Now hiring

Tilkallingsvikar ved Gol skule @ GOL SKULE

NO085, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere tilkallingsvikar ved Gol skule? Gol skule er ein 1.-10.-skule med om lag 470 elevar og 90 tilsette. Vi er stolte av å vere ein inkluderande og utviklande skule der elevane står i sentrum, og der både elevar og tilsette skal oppleve meistring, trivsel og fellesskap. No ønskjer vi å knyte til oss fleire engasjerte tilkallingsvikarar som vil vere med og gjere ein forskjell i elevane sin kvardag. Vi søkjer: • tilkallingsvikar som lærar • tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent Vi håpar at du: • har engasjement for og interesse for barn og ungdom si læring og utvikling • er ein aktiv, fleksibel og positiv samarbeidspartnar • møter elevar og kollegaer med godt humør, omsorg og respekt • ønskjer å bidra til eit trygt og godt læringsmiljø Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Kvalifikasjonar: Godkjend utdanning etter kapittel 14 i forskrift til opplæringslova, eller anna relevant utdanning og/eller erfaring. Hos oss får du: • arbeide i eit moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning • bli ein del av eit inkluderande, engasjert og triveleg arbeidsmiljø • moglegheit til å bidra i ein organisasjon i utvikling • varierte, lærerike og meiningsfulle arbeidsdagar Løn og tilsetjingsvilkår: Løn etter utdanning og ansiennitet. Anna informasjon: • gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing • ved eventuelt intervju ber vi om at godkjende kopiar av vitnemål og attestar blir tekne med Slik søkjer du: Vi ønskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadsskjema. Alle søkjarar får kvittering på at søknaden er motteken dersom riktig e-postadresse er registrert. Søknadsfrist: 06.09.2026 Vi ser fram til å høyre frå deg, og håpar du vil bli ein del av fellesskapet ved Gol skule! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gol ligger midt i Hallingdal og er kjent som et knutepunkt for handel og turisme. Med sitt brede spekter av butikker, restauranter og tjenester, er Gol et praktisk sted å bo. Vi har også flotte skimuligheter om vinteren og vakre turstier om sommeren. Gol er ideelt for de som ønsker en balansert livsstil med både by- og naturopplevelser Gol kommune huser nesten 5000 innbyggere. Her satser vi på innbyggerne våre gjennom utdanning, innovasjon og samskaping. Universitetet i Sørøst-Norge utgjør Campus Hallingdal og på Gol kan du ta både grunnutdanning og videreutdanning. Gol er svært inkluderende og familievennlig. Vi har flere barnehager og ny 1-10 skole. I tillegg har vi et variert studietilbud med videregående skole, folkehøyskole og voksenopplæring. Kommunen har også god barnehagedekning og løpende barnehageopptak. Vi kan tilby svært gode forhold for en aktiv fritid, enten det er friluftsliv, kultur eller sport. Her finner du endeløst med ski- og sykkelløyper i umiddelbar nærhet. Kommunen ligger sentralt til i landet med korte avstander til både Oslo og Bergen via Bergensbanen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores