Now hiring

Fjellgardane barnehage på Hovden treng barnehagelærar @ FJELLGARDANE BARNEHAGE

NO092, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Til barnehagen vår på Hovden treng vi ein barnehagelærar i 100% vikariat frå 01.10.2026 (evt. etter avtale) - 31.07.2027 Har du lyst på ein annleis periode på fjellet? Vi ser etter deg som set deg ned på golvet. Du som undrar deg saman med barna. Du som veit at leik ikkje er pause frå læring- leik ER læring. I Bykle kommune får du kollegaer som er opptekne av fag, utvikling og inkludering. Her har vi naturen som leikeplass, høge ambisjonar på barna sine vegne og eit arbeidsmiljø der vi heier på kvarandre. Hos oss får du vere pedagog i eit fagleg sterkt miljø, med naturen som næraste nabo og engasjerte kollegaer på laget Vi ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring! Arbeidsoppgåver Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar Vere ein god rollemodell Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage Kvalifikasjonar Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning Fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis God på å bygge og ivareta relasjonar Jobbar målretta, strukturert og leiar utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar Initiativrik, og er god til å inspirere og motivere andre Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål Personlege eigenskapar Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide Du er leiken og har humor. Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST Vi tilbyr Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe Høg pedagogtettheit Eit fagmiljø som satsar på kompetanseutvikling Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff God pensjons- og forsikringsordning Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad Kommunen har flyttegodtgjersle Gode treningsområde inne og ute, sommar som vinter Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren Det er krav om politiattest ved tilsetting Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år Andre opplysningar Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. KontaktinformasjonCaroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494 ArbeidsstadSkulevegen 31 4755 Hovden i Setesdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bykle Referansenr.: 5167397263 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 08.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bykle kommune som arbeidsgjevar: Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar Vi er ca. 190 tilsette Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett Vi er ei IA-bedrift Om Bykle: Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal Kommunesenteret er lokalisert i Bykle Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000 Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter Det er løpande SFO- og barnehageopptak Avstandar: Bykle - Kristiansand er 18 mil Bykle - Oslo er 29 mil Bykle - Stavanger er 33 mil Bykle - Bergen er 35 mil

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores