Now hiring

Rettleiar Nav @ NAV VAKSDAL

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Nav Vaksdal har frå snarast ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar og sakshandsamar, med tilsetjing på kommunale vilkår. Den som blir tilsett, blir ein del av eit lite, men solid arbeidsmiljø, og får arbeidsplass i Heradshuset på Dale. Arbeidsoppgåver Rettleie og motivere for sosial og økonomisk tryggleik, fremje overgang til arbeid, og hjelpe den enkelte til å vere sjølvhjelpen. Sakshandsaming og oppfølging etter Lov om sosialetenester, med hovudvekt på økonomisk sosialhjelp, gjeldsrådgjeving og økonomisk rettleiing. Arbeidsretta oppfølging for eigne brukarar Vi søker ein person som ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet Nav er ein organisasjon i endring, og med det kan òg arbeidsoppgåver bli endra undervegs. Kvalifikasjonskrav 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning frå universitet eller høgskule kan bli vurdert. Anna relevant kompetanse og erfaring kan ved behov blir vurdert. Gode datakunnskaparog kjennskap til Office 365 Førarkort kl B God kommunikasjonsevne og god norskkunnskap skriftleg og munnleg Det er ynskjeleg at du har: Erfaring frå tilsvarande arbeid Kjennskap tilarbeidsmarknaden lokalt og regionalt God økonomisk forståing Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som Har evne til å motivera og skapa tillit Er løysingsorientert Møter andre på ein respektfull og open måte Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt – sjølvstendig og i team Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik Vaksdal Kommune kan tilby Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores