Now hiring

Overlege ved Psykosomatisk medisin, Konsultasjonspsykiatri @ HELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON KLINIKK FOR PSYKOSOMATISK MEDISIN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Avdeling psykosomatisk medisin er lokalisert i Glasblokkene, og er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 3 seksjonar: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri, og Seksjon for nevrostimulerande behandling. Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenestar til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus. Vi jobbar med avgrensa pasientforløp når pasienten er inneliggande på somatiske einingar, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar. Seksjonen har eit godt tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig fast stilling for godkjend spesialist i psykiatri. Vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å vere med på å utvikle psykosomatisk medisin og konsultasjon-liasonteneste. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset. Arbeidsoppgåver Psykiatriske vurderingar og oppfølging av pasientar innlagde ved somatiske avdelingar Psykosomatisk poliklinikk Rettleiing og formidling av kunnskap til samarbeidande einingar Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken Delta i klinikkens bakvaktsordning Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon Spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Har gode samarbeidsevne, trivst i tverrfaglege miljø og kommuniserer tydeleg Bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Er fagleg engasjert og ønsker å bidra til vidareutvikling av tenesta Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna Vi tilbyr Eit fagmiljø med høg kompetanse, engasjement og gode kollegaer Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit viktig grensefelt mellom psykiatri og somatikk Felles undervisning, spesialistforum og kasuistikker Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid Lønn etter avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnn Christin Øren Rivenes, Avdelingssjef, 55974562 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5163453764 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores