Now hiring

Tednebakkane omsorgssenter @ TEDNEBAKKANE OMSORGSSENTER

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga: Tednebakkane omsorgsenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6 - 8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar. Vi har ein god fagdekning med både sjulepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og helsefagarbeidarar. Vi har òg vårt eige kjøkkne og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar. Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja. Vi har no ledig 100% stilling som helsefagarbeidar ved demensavdelinger med moglegheit for oppstart snarast Arbeidsoppgåver: Ivareta bebuar sitt hjelpebehov Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga Dokumentere i journalsystemet CosDoc Primærkontakt Medisinansvar Kvalifikasjonar: Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar Søkjere med lang erfaring som pleiemedhjelpar kan vurderast til stillinga Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Personleg eigenskap vert vektlagd Personlege eigenskapar: Gode samarbeidsevnar Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team Godt humør, være open, ærleg og lojal Være glad i å jobbe med menneskar og engasjement for eldreomsorgen Anna: Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg. Dersom internt opprykk i stilling, kan du bli forspurt ein lavere stillingsprosent Vi tilbyr: Kompensasjon for å arbeide ekstra helg i turnus Gratis parkering Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Høve til fagleg og personleg utvikling Interessante utfordringar Ved spørsmål om stillinga kontakt: Einingsleiar: Hilde Elin Nilsen tlf: 47796852 e-post [email protected] Avdelingsleiar: Kjersti H Dagestad tlf: 45736293 e-post [email protected] Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores