Now hiring

Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling @ SYKKYLVEN KOMMUNE PSYKISK HELSETEAM

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag. Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar. Arbeidsoppgåver Kartlegging og støttesamtalar Målretta miljøarbeid Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt Legemiddelhandtering Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande Oppgåver delegert frå næraste leiar Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). Du evnar til å halde deg fagleg oppdatert Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg Førerkort klasse B Oppmodar menn til å søke Personlege eigenskapar God munnleg og skriftleg framstillingsevne Vere strukturert og løysingsorientert Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team Vise fagleg engasjement Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting Vi tilbyr Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Kollegastøtte Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke) Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonAudhild Myklebust, avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758 Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765 ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5164234826 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores