Now hiring

Har du lyst å gjera "heima best" til ein realitet for våre tenestemottakarar ? @ KUHNLETUNET BUSTADER, REKKE1 OG REKKE2

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter. 100% fast stilling Arbeidsstad: Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Kuhnletunet bustader er eitt av våre ni bufellesskap. Kuhnletunet bustader er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med ulike behov, draumar og personlegheitar. Arbeidsoppgåver Hos oss skal jobben handla om livskvalitet. Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar Fagleg frontfigur : Du får ansvar for tiltaksplanar, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Vi søker deg som har sosialfagleg-eller pedagogisk utdanning på bachelornivå med relevant erfaring fra målretta miljøarbeid og kompetanse knytt til atferdsutfordringer. Kompetanse og erfaring innen geriatri og arbeid med eldre er også relevant og vil bli vektlagt. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din erfaring, vidareutdanning og kjennsskap til brukargruppa. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyr: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar. Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores