Now hiring

Sjukepleiar - 100% fast Lindås heimeteneste @ ALVER KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON KNARVIK

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga Heimetenesta i Alver er delt inn i 6 geografiske områder der Lindås heimeteneste er lokalisert sentralt på Lindås. Avdelinga har driftskoordinator, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar. Våre engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar har fokus på fagleg utvikling. For tida er vi i gang med eit prosjekt om etisk refleksjon og oppfølging av kollegaer i møte med palliative brukarar. Målet med prosjektet er å styrke kompetansen til alle tilsette ved Lindås heimeteneste, og det blir gjennomført regelmessige faglege foredrag med eksterne foredragshaldarar, og etisk refleksjon i gruppe. Prosjektet har fått støtte frå statsforvalter. Vi har stor fokus på fagutvikling, og har årshjul med kurs for tilsette, og gjennomfører internundervising og undervisning i samarbeid med andre tenester utfrå årshjulet til avdelinga. Om stillinga Lindås heimeteneste har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Avdelinga har årsturnus, og sjukepleiarane hos oss arbeider både ordinære og langvakter i turnus. Turnusen er todelt. Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, og våre sjukepleiarar arbeider sjølvstendig, og i samarbeid med andre sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar og assistentar. Vi samarbeider med legekontor, fysioterapeut, ergoterapeut, og andre kommunale tenester. Vi følger primærkontakt - modellen, og sjukepleiarane hos oss følger opp sine brukarar saman med helsefagarbeidar og assistent. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar ved Lindås heimeteneste har du oppgåver som: Sjukepleierfaglege prosedyrer Medikamenthåndtering Såroppfølging Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar Observasjon og vurdering av brukarar med komplekse sjukdomsbilete Heilskapleg pleie og omsorg til brukarar i ulike livsfasar Samarbeid med brukarar, pårørande og interne og eksterne samarbeidspartnarar Journalføring i Profil Kvalifikasjonskrav Autorisert sjukepleiar Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test Kven er du? Vi ser etter deg som er engasjert for brukere og faglege gode tenester. Du kan prioritera og håndtere oppgåver utfrå faglege vurderingar. Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. For oss er det viktig med eit godt arbeidsmiljø og arbeidsglede i kvardagen og vi ser etter deg som ynskjer å bidra sammen med dine kollager til dette. Vi gir tenester over eit stort geografisk område, dette gjør at våre medarbeidere må være løsningsorientert og fleksibel i kvardagen. Vi er opptatt av å bruke hverandres styrker, og ønsker gjerne deg som har ett fagområde du brenner for og vil være med å dele dine kunnskaper med dine kollegaer. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting Vi tilbyr Fagleg engasjerte kollegaer Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Fagleg utvikling Årsturnus med muligheter for langvakter Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk God pensjonsordning gjennom KLP Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000 over garantiløn etter Hovudtariffavtalen Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad» Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger, Frekhaug, Knarvik, Ostereidet, Alversund og Lindås. Kvar avdeling er organisert med eigen einingsleiar og assisterande einigsleiar. Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores