About this role
Ein av våre kommunalt tilsette fastlegar skal ut i permisjon. Av den årsak har me eit ledig vikariat ved Husnes helsesenteret med listetak på 650 pasientar i veldrevet praksis. Ved Husnes helsesenter arbeidar i dag 8 fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6500 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Fire fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 100 % stilling. Stillinga er på 100% med fast lønn pluss 30% av trygderefusjonar. Kvinnherad kommune er opne for å vurdera den stillinga som privat praksis. Stillinga inneber deltaking i legevaktordning med fastlønn. Kommunen kan legger til rette for rettleiing. For stillinga søkjer vi lege som har: norsk autorisasjon fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig spesialist svært gode norskkunnskapar gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt. Søkjar må ha førarkort for bil. Vikariatet er i perioden oktober 2026 – august 2027. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Kvinnherad kommune kan vera behjelpeleg med å skaffa bustad, samt flytting vert betalt etter gjeldande reglar. Generell informasjon Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter og har barnehagar, grunnskule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 18 fastlegar i kurativ teneste. I tillegg har kommunen ein stilling for LiS1, to sjukeheimslegar i totalt 160% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta. Vaktordninga er for tida 14-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen. Ambulansetenesta høyrer til i Helse Fonna og Stord og Odda er lokalsjukehus med ØH-funksjon. Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa. Der er vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt og tett samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Organisert smågruppetrening gjev teljande poeng for spesialisering og vedlikehald for spesialistar i allmennmedisin. Kommunen har etablert ein frisklivsentral og har tilsett folkehelsekoordinator. Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos: Dagleg leiar og fastlege ved Husnes helsesenter Sindre Nymark Jensen tlf. 53 46 16 00 [email protected] kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 [email protected] einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 [email protected] Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)