Now hiring

Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF POLIKLINIKK ÅLESUND BUP

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri? Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap. I avdelinga vår har vi ledig fast stilling som LIS-lege ved alle dei fire poliklinikkane i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund. Vi kan også tilby vikariat med minimum 6 månader lengde dersom det er aktuelt. Vi har god spesialistdekning og fleire overlegar per LIS. Vi kan difor tilby god oppfølging og rettleiing av deg som nytilsett. Vi legg til rette for fagleg fordjuping og jobbar kontinuerleg med utvikling av pasienttilbodet vårt. Vi har tatt i bruk kunstig intelligens som støtteverkty for behandlarar og har stort fokus på digitalisering. Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon i Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining i Ålesund er samlokalisert. Poliklinikkane har samansette og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi ulike spesialiserte team og akutt-ambulante team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i. Vi samarbeider med heile regionen om å tilby ei LIS-utdanning med høg kvalitet, og du vil delta i både lokal og regional LIS-utdanning. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsløpet. Arbeidsstad er i ein av dei fire byane i vakre Møre og Romsdal fylke, med flott natur og eit rikt kulturliv. Arbeidsoppgåver Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering Fagleg utviklingsarbeid Tverrfagleg samarbeid I Ålesund kan lege etter avtale ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne Kvalifikasjonar Gjennomført og bestått LIS1 - teneste, eller turnusteneste etter gammal ordning LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredning Du er lege og ønskjer spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri Legar i anna utdanningsløp som ønskjer å jobbe minimum 6 månadar i barne- og ungdomspsykiatri, kan søkje på vikariat Lege som ventar på turnusteneste kan søke på vikariat Medisinstudent med lisens kan søkje på vikariat Å vere personleg eigna vert vektagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling Du har gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollega, og framstår som ein trygg og kompetent vaksen Du har interesse for fag- og organisasjonsutvikling, samt forbetringsarbeid Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid Du har evner som lagspelar, men kan vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs Du har evne til å medverke til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonJenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, 41274620, [email protected] ArbeidsstedÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5164214262 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores