About this role
Vil du gjere ein forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom? Har du eit engasjement, ein hobby eller litt tid til overs? Då kan du vere akkurat den personen eit barn eller ein ungdom treng for å oppleve meistring, glede og gode opplevingar i kvardagen. Fritidskontakt er det som tidlegare var omtalt som støttekontakt. Dersom dette kan være noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser. Arbeidsoppgåver Fritidskontakt si viktigste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Vi søkjer deg som er over 18 år og liker å delta på ulike aktiviteter. Som fritidskontakt blir du ein trygg og positiv støttespelar som deler aktivitetar og interesser med barnet eller ungdommen. Det kan vere alt frå å: ⚽ Spele fotball eller vere med på trening 🎣 Fiske eller vere ute i naturen 🎨 Teikne, male eller drive med kreative aktivitetar 🎮 Spele spel eller utforske digitale interesser ☕ Ta ein prat over ein kakao eller gå ein tur Det viktigaste er ikkje kva du gjer, men at du er ein vaksen som bryr seg, lyttar og skaper gode opplevingar saman med ein ungdom eller eit barn. Kvalifikasjonar Du treng ikkje spesialutdanning. Vi ser etter deg som: er påliteleg og omsorgsfull har evne til å skape gode relasjonar ønskjer å bidra til inkludering og meistring kan setje av nokre timar i månaden Du må ha tid til overs, evne til å sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspill med andre. Politiattest av nyere dato må fremlegges må fremlegges før oppstart. Personlege eigenskapar Du er ansvarsfull og glad i å være saman med andre menneske. Du er trygg, kan kommunisere og likar å finne på aktivitetar. Vi tilbyr Rettleiing og oppfølging Godtgjersle etter gjeldande satsar Ei meiningsfull oppgåve der du verkeleg utgjer ein forskjell Bli med og skap gode minner, nye moglegheiter og lysglimt i kvardagen for eit barn eller ein ungdom.KontaktinformasjonLinda Lundebrekke, Tenesteleiar bu og miljø - miljøhuset/avlastning/støttekontakt, +47 45970806 ArbeidsstadFjordgata 1 6900 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5166703997 Stillingsprosent: 5% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.