Now hiring

80% stilling som helsefagarbeidar, f.t natt ved Røldal pleie- og omsorg @ RØLDAL PLEIE OG OMSORG

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ledig fast stilling som helsefagarbeider ft natt - stillingsstorleik 80 % Andre yrkesgrupper kan og søkja Om arbeidsplassen Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune. Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg. Vi treng vernepleiar til heime tenestene i Røldal. Det er ca 20 årsverk i tenesta. Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom/brukarar , 10 omsorgsbustader, 2 brukarar med fysisk funksjonsnedsettelse og heimebuande. Vi ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta vi gjev. Samstundes ønskjer vi at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende. Vi er her til det beste for brukarane våre. Arbeidsstad: Røldal pleie og omsorg Røldal pleie og omsorg har ledig fast 80% stilling f.t på natt, ledig frå medio september 2026 Tenesta har eit bukollektiv i hovedbygningen med 6 rom, 2 brukarar med funksjonsnedsetjing i bufellesskap,10 omsorgsbustader og heimebuande. Kan verta andre stillingar ledige. Arbeidsoppgåver: Det er 1 nattevakt på bukollektivet og 1 nattevakt på bufellesskapet. Ein vekslar på ansvaret mellom desse to. Ivareta tryggleik og sikkerheit gjennom natta Følge opp bebuarar etter behov Utføre avtalte rutiner og dokumentasjon Handtere evt uforutsette situasjoner Samarbeide med øvrig personal og bidra til god informasjonsflyt Kvalifikasjonskrav: Godkjent helsefagarbeider utdanning eller annan godkjent helsefagutdanning Digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar: Er trygg, rolig og omsorgsfull Trives med å arbeide sjølvstendig Er ansvarsbevisst og påliteleg Gode samarbeidsevner Evner til å handtere uforutsette situasjonar på ein roleg og profesjonell måte Har gode norskferdigheiter,både muntleg og skriftleg Relevant erfaring er ein fordel, men personleg egnetheit vil bli vektlagt Me tilbyr: Meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver Lønn etter hovudtariffavtalen Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen Fleksibel arbeidstid -årsturnus, og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Krav: Politiattest jfr gjeldande lov Krav til førarkort: Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores