About this role
Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 710. Oppstart 1.1.2027. Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3. Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario. Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale (8.2-avtale) med kommunen. Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag. Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Arbeidsoppgåver Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta. Helsefremmande og førebyggande arbeid. Tverrfagleg samarbeid. Deltaking i legevakt. Kvalifikasjonar Autorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin. Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen. http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-02-17-192 Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. God digital kompetanse. Personlege eigenskapar God på kommunikasjon og samarbeid. Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert. Evne til å arbeide strukturert og målretta. Andre opplysningar: Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil. Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden. Vi tilbyr Spanande arbeidsoppgåver Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar KontaktinformasjonAnne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, 93462221 Gretha Giske, einingsleiar, 97028234 Mette Helen Teigene Tingvoll, avdelingsleiar, +47 97754361 ArbeidsstadYtterland 1 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5165210097 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.