About this role
Om stillinga Ein av våre dyktige kollegaer går av med pensjon, og no ser vi etter deg som vil bli ein del av teamet vårt. Likar du å samarbeide, hjelpe andre og trivast med varierte oppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg. Du blir ein del av eit team med sju medarbeidarar som kvar dag støttar leiarar og tilsette med råd og rettleiing, gode prosessar og tenester innan HR og kommunikasjon. Saman bidreg vi til at tilsette i Vaksdal kommune får den støtta dei treng. Dette blir arbeidsoppgåvene dine gi leiarstøtte og rettleiing i spørsmål om medarbeidarar og arbeidsmiljø, og vere ein viktig sparringspartnar utvikle og gjennomføre tiltak som styrker leiarskap og bygger leiarkompetanse i organisasjonen følge opp sjukemeldte og systematisk arbeide førebyggande i samarbeid med leiarane vidareutvikle digitale verktøy og løysingar innan HR- og HMT sørge for at rutinar er oppdatert, relevante og fungerar godt i praksis bygge opp kompetanseportal i samarbeid med andre kommunar, og bidra til gode løysingar for læring og kompetansedeling utvikle, publisere og halde ved like HR-informasjon på intranettet, samt å gi støtte i anna kommunikasjonsarbeid bidra i rekrutteringsprosessar og anna operativt HR-arbeid i kommunen Kvalifikasjonar vi ser etter relevant utdanning på masternivå er ønskeleg, men anna relevant utdanning kan óg bli vurdert erfaring frå HR, kommunikasjon eller tilsvarande arbeidsområde god forståing for digitale system og interesse for digital utvikling Du vil passe godt hos oss dersom du er serviceinnstilt og likar å samarbeid med andre tar initiativ, ser moglegheitar og bidreg til forbedring arbeidar strukturert og klarar å prioritere mellom oppgåver er god på kommunikasjon og relasjonsbygging tek del i utviklingsarbeidet og held deg fagleg oppdatert Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vaksdal Kommune kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar individuell oppfølging gode moglegheitar for støtte til utdanning løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.