Now hiring

Tilkallingsvikar skuleåret 2026/2027 Langevåg skule og SFO @ LANGEVÅG SKULE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Langevåg skule søker tilkallingsvikarar for skuleåret 26/27. Oppstart snarast. Skulen har om lag 460 elevar frå 1.-7. trinn og SFO og er samlokalisert med kulturskulen. Vi har eit flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar. Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy. ArbeidsoppgåverLangevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og fagarbeidarar/assistentar.KvalifikasjonarDet er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev. Gyldig politiattest må leggast fram.Personlege eigenskaparVi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga. Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty. God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Skulen nyttar nynorsk som målform.Vi tilbyrLøn etter gjeldande avtalar.KontaktinformasjonOle Martin Tonheim, Rektor Harald Weibust, Undervisningsinspektør ArbeidsstadBratthaugmyra 39 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5167430348 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 24.08.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 30.04.2027 Om arbeidsgiveren: Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta. Meir informasjon om Sula kommune her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores