Now hiring

Fagarbeidar/assistent i SFO – Tangen skule @ TANGEN SKULE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og skape ein god kvardag for borna? Ved Tangen skule har me no ledig ei 40% fast stilling som fagarbeidar/assistent i SFO. Me ser etter deg som ynskjer å vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen i kvardagen til elevane våre. Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar Hjå oss får du vere med på å skape ein inkluderande og stabil kvardag der borna opplever meistring, trivsel og gode relasjonar. Arbeidsdagane vil vere varierte og innhaldsrike. Du vil vere aktiv saman med elevane i leik og aktivitetar, og bidra til at kvar einskild elev får utvikle seg sosialt gjennom godt samspel og kommunikasjon. Samarbeid med kollegaer og heimane til borna er også ein viktig del av arbeidet. Kven ser me etter? Me ynskjer oss ein medarbeidar som trivst i ein aktiv arbeidskvardag – både ute og inne – og som møter born og vaksne med rausheit, fleksibilitet og omsorg. Du er oppteken av å skape gode opplevingar for borna og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø i SFO. Kvalifikasjonar Det er ein fordel om du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men me oppmodar også deg med annan relevant utdanning eller erfaring til å søkje. Du må ha gode norskkunnskapar, og det er krav om godkjend politiattest før tilsetjing. Kva kan me tilby? Me tilbyr ein trygg arbeidsplass i ein veldriven kommune med gode rammevilkår. Du vil bli ein del av eit stabilt og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse, og få kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn vert gitt etter gjeldande tariff og avtaleverk – henholdsvis fagarbeidar/assistent. Det er 11% trekk i løn for å følgje skuleruta. Me ynskjer medarbeidar som ser kvart einskild barn, og som vil vere med på å skape ein trygg, aktiv og god kvardag ved Tangen SFO. Stillinga er lagt opp til ettermiddagsSFO med arbeidstid frå kl 13-16 måndag til fredag. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du vil sende oss ein søknad – me gler oss til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores