About this role
Vi søker ein engasjert og framtidsretta bibliotektilsett i ei mellombels prosjektstilling på 1 år. Stillinga er ei styrking av bemanninga ved biblioteket i samband med eit utviklingsprosjekt, der målet er å vidareutvikle samarbeidet mellom folkebiblioteket og skulebiblioteka. Slik vil vi bidra til at fleire barn og unge får lyst til å lese, lære og utforske verda gjennom litteratur. Stillinga er ei prosjektstilling på 100% (1 år) med moglegheit for forlenging dersom prosjektet blir vidareført. Du blir ein del av bibliotekteamet og arbeider i tett samarbeid med kollegaer ved biblioteket, i tillegg til kontakt med elevar, lærarar og skuleleiing. Arbeidsoppgåver Delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som knyter folkebiblioteket og skulebiblioteka tettare saman (til dømes felles leseprosjekt, forfattarbesøk, temaveker og klassebesøk). Medverke til å utvikle struktur og rutinar for skulebiblioteka saman med lærarar og leiarar i skule. Bidra til å utvikle skulebiblioteka som ressurs for leselyst. Vere med på å vidareutvikle biblioteket som ein inkluderande møteplass for barn og unge Kvalifikasjonar Relevant utdanning, gjerne innan bibliotek, pedagogikk eller liknande. Erfaring frå arbeid i bibliotek, skulebibliotek er ein fordel. Kjennskap til barn og unge sine lesevanar, og interesse for litteratur og formidling til denne målgruppa. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk. Personlege eigenskapar Du er initiativrik, sjølvstendig og likar å få ting til å skje. Du trivst med å arbeide saman med andre, byggje relasjonar og skape engasjement. Du har eit varmt engasjement for barn og unge, lesing, kunnskap og like moglegheiter. Vi tilbyr Ei spennande moglegheit til å vere med å utvikle framtidas bibliotek- og skulebibliotektilbod i kommunen vår. Eit fagleg miljø med høve til påverknad, utvikling og samarbeid. Varierte arbeidsdagar. Løn etter tariff. KontaktinformasjonBritt Opsahl Myrene, Biblioteksjef Ulstein bibliotek, [email protected] ArbeidsstadSjøgata 63 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein kommune Referansenr.: 5167528707 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 04.09.2026 Om arbeidsgiveren: Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.