Now hiring

Vikariat 75% stilling på Dagsenteret @ SVEIO KOMMUNE DAGAKTIVITETSSENTER

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Dagsenteret er eit tilbod til eldre som bur heime i Sveio kommune. Her får brukarane vere med på aktivitetar, sosialt fellesskap og gode opplevingar i kvardagen. Tilbodet er viktig for å skape ein meiningsfull kvardag og førebyggje einsemd. Dagsenteret held til på Sveio omsorgssenter og er ein del av heimetenesta i Sveio kommune. Vi har no ledig eit vikariat på om lag eitt år, med oppstart 26.11.2026. Arbeidsoppgåver Bidra til å videreutvikle Dagsenteret sånn at brukarane ivaretar eigne ressurser og opplever meistring Ansvar for å gje eit tilbod som skapar sosial samhandling for brukarane på Dagavdelinga og avdelingane på Sveio omsorgssenter Planleggje drifta av Dagsenteret, lage aktivitetsplan, samt gjennomføring av aktivitetar Oppfølging av frivillige Pådrivar, kreativ og evne til å kunne aktiviteter tilpassa brukarane Samarbeide med brukarane, pårørende, frivillige, Tenestekontor, Heimesjukepleie og kollegaer Dokumentasjon i EPJ systemet Kvalifikasjonar Helsefagarbeidar/aktivitør Ønskjeleg med erfaring innan arbeid på Dagsenter, men andre kan og søkje Gyldig Politiattest Personlege eigenskapar God på å byggje relasjonar i møte med og mellom mennesker Trives med å arbeide sjølstendig og i team Har endringsvilje og er fleksibel Gode samarbeidsevner Positiv innstilling og godt humør Kreativ og løsningsorientert Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk, samt gode pensjons- og forsikringsordningar Om arbeidsgiveren: Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores