About this role
Støttetenester, Voss sjukehus som består av reinhald, portør og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 420 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta. Me har no ledig 100% stilling som reinhaldar i vikariat frå 9. oktober 2026 til 14. juni 2027. Stilling i turnus med dag-, kveld- og helgevakter. Arbeidsoppgåver Hovudreinhald Reinhald av personalbustadar Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde Vedlikehaldsoppgåver Smittevask Vask og reiing av senger Arbeidsoppgåver i postkjøkken Kvalifikasjonar Me søkjer etter personar med interesse for, og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget Det er ikkje krav til fagbrev, men vil vere ein fordel Det er krav til gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar Vera utadvent og serviceinnstilt Arbeida strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner Arbeidet er fysisk krevande Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med motiverte og hyggelege kollegaer Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBjarte Nedkvitne, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5167478366 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 09.10.2026 Sluttdato: 13.06.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.