Now hiring

Vil du bli vår nye lønnskonsulent? @ BJØRNAFJORDEN KOMMUNE KOMMUNEDIREKTØREN SIN STAB RÅDHUSET

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig eit vikariat som lønnskonsulent i 100% stilling frå snarast og fram til 30.06.2027, med mogelegheit for forlenging. Lønnsavdelinga er for tida organisert saman med personalavdelinga, It, ogorganisasjonsutvikling som ein del av HR avdelinga. Avdelinga sitt hovudansvar er å utbetala rett lønn til rett tid, krevja inn refusjonar og gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser. Avdelinga har systemansvar for lønns- og HR systemet Visma Enterprise Plus HRM,reiserekningssystemet Expense, og kommunen sitt time-registreringssystem Visma Tid. HR avdelinga har fokus på å bruka ressursar og kompetanse på tvers, mot prioriterte arbeid og prosjekt. Du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap kor samarbeid og felles måloppnåing har fokus mellom avdelingane Arbeidsstad: Lønnsavdelinga Oppgåvene for lønskonsulent kan vere, men er ikkje avgrensa til: Opplæring og leiarstøtte Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV Leiarstøtte knytt til fråvær og forvaltning av personalressursane Rapportering, kontroll og avstemming mot rekneskap, årsoppgjer Kontrollarbeid av datakvalitet frå forsystem Vedlikehald og formidling av lønnsdata Utvikling og vedlikehald av system og rutinar på fagfeltet Kvalifikasjonar: Vi ser etter deg som har ein sterk fagleg bakgrunn og ser mogelegheiter framfor utfordringar. Du blir med i jakta på smarte løysingar og har interesse for nye system og teknologi. Du er analytisk og sjølvgåande og oppteken av å levere rettidige tenester. Du er fleksibel, men nøyaktig, og tar i eit tak der det trengs. Du har arbeidserfaring frå fagfeltet. Kompetanse: Relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå innanfor fagkretsen økonomi/rekneskap/administrasjon Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet God digital kompetanse og systemforståing Erfaring frå lønnsarbeid er ein fordel, samt kjennskap til lov og avtaleverk innan fagområde God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar. Vi tilbyr: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores