Now hiring

Sjukepleiar/vernepleiar @ TOLOHEIMEN

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I langtidsavdeling for personar med demens ser me etter deg som brenn for demensomsorg, miljøterapi og som er god på kommunikasjon. Me søkjer vernepleiar eller sjukepleiar i 80% vikariat Vikariatet er ledig frå snarast/etter avtale Stillinga er i turnus og med langvakter kvar 4. helg Toloheimen langtidsavdeling for menneske med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund, har 16 langtidplassar og er delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasienter i kvar gruppe. Personalgruppa vår er stabil og rik på kompetanse som legg stor vekt på å skapa ein roleg og fin atmosfære for bebuarane hjå oss. Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos oss Vil du vite meir om oss les her: Toloheimen langtidsavdeling Arbeidsoppgåver Oppgåver knytt til pasientoppfølging Medisinske prosedyrar Koordinering av pleieplanar Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Nyutdanna eller snart ferdig utdanna vernepleiar/sjukepleiarar oppfordrast til å søkja Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir dette lagt vekt på God kommunikasjonsevner Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Du må kunne arbeida sjølvstendig Gode samarbeidsevner Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Interesse for fagfeltet demens/geriatri Engasjert og positiv Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg Fleksibel og løysingsorientert Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) Gode pensjons-/ og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonAnne Berit Torsvik, Gruppeleiar langtidsavdeling for personar med demens, +47 993 49 586 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 NORHEIMSUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5164726628 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 31.08.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores