About this role
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/ Vi har ledig vikariat: 100% i matematikk og naturfag frå og med 12.10.2026 til og med 26.02.2027 50% i matematikk og naturfag med oppstart så snart som mogeleg og ut 31.12.2026 Arbeidsoppgåver Undervisning Planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring i tråd med læreplanverket (LK20) Gi tilpassa opplæring til elevar med ulike føresetnader og behov Delta i vurderingsarbeid, inkludert undervegs vurdering og standpunktvurdering Samarbeide med kollegaer om fag- og klasseteamarbeid Bidra til eit godt læringsmiljø og skulemiljø Kvalifikasjonar For å bli sett til i stillinga krevst godkjend lærarutdanning innan naturfag og matematikk på videregåande skules nivå. Personlege eigenskapar Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer Pedagogisk og fagleg nyfiken Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet God profesjonsfagleg digital kompetanse Vi tilbyr Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram Ein kultur prega av mangfald og engasjement Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk Andre opplysningar: Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule KontaktinformasjonØyvind Bønes, avdelingsleiar, 40615528 ArbeidsstadFjøsangerveien 38 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5167530127 Stillingsprosent: 100, 50% Vikar Sluttdato: 28.02.2027 Søknadsfrist: 02.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.