Now hiring

100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut @ BJØRNAFJORDEN KOMMUNE PSYKISK HELSE OG RUSTENESTER AVD OSØYRO

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Arbeidsstad Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med psykiske lidingar, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 22 bebuarar med varierande bistandsbehov. Stillingane er ein del av einingas ressursbemanning, men er for tida plassert i avdeling bufellesskap psykisk helse. Arbeidsoppgåver Vi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar. Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge eit koordinator-ansvar til stillinga. Stillingane er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter. Kvalifikasjonar Vi søkjer fortrinnsvis deg som har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar, men personar med miljøterapeutisk bakgrunn vil også bli vurdert. Det er ønskjeleg med erfaring i frå psykisk helsearbeid og miljøterapi knytt til personar med psykisk uhelse. Personlege eigenskapar Du er bevisst dine haldningar. Du prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogeleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, kan Bjørnafjorden kommune tilby eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores